SFE Nett AS har skifta namn til Linja AS. Dette er på bakgrunn av krav frå NVE om funksjonelt skilje, og at nettselskap ikkje kan ha same namn og merkevare som øvrige selskap i eit energikonsern. Fram til ny nettside er på plass vil sfenett.no fungere som normalt.
Straumnettet er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg SFE Nett til vekst og utvikling for næringar og samfunn – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.
Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km – tilsvarande distansen mellom Sogn og Fjordane og Kairo i Egypt. Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Stad, Kinn, Bremanger, Askvoll og deler av Sunnfjord.
På kartet nedanfor kan du sjå kvar SFE Nett har kontor og montørbasar.