Varslingskanal

Varsling handlar om å melde i frå om kritikkverdige forhold i verksemda. SFE har fokus på å oppretthalde ein høg etisk standard og eit godt ytringsklima, og legg til rette for at alle kan varsle om eventuelle kritikkverdige forhold slik at dei blir identifisert og handtert.

Med kritikkverdige forhold meiner vi handlingar som bryt med loven, vårt selskap sine skriftlege etiske retningslinjer, eller allment aksepterte etiske normer i samfunnet.

Eksempel på kritikkverdige forhold:

  • Brot på lover, reglar og interne retningslinjer
  • Fare for liv eller helse
  • Fare for klima eller miljø
  • Brot på menneskerettar
  • Mobbing, trakassering, rusmisbruk, diskriminering, rasisme
  • Sosial dumping eller anna arbeidslivskriminalitet
  • Korrupsjon, kvitvasking, underslag, tjuveri, mislighald i samband med innkjøp eller anna økonomisk kriminalitet

Er du i tvil om saka di er ei varslingssak eller ikkje, så oppmodar vi deg om å sende den inn.

Lenke til varslingskanalen

Du kan varsle via vår varslingskanal, og du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje når du varslar. Det er valfritt å oppgi namn, telefonnummer og e-postadresse.

Vi oppmodar om at du gir så detaljert og rett informasjon som mogleg i varselet ditt. Alle varsel blir handsama strengt fortruleg.

Du vil kunne følgje saksgangen i ditt innmelde varsel, ved å bruke ein tilgangskode som du mottek når du sender inn varselet. Du får moglegheit til å kommunisere med sakshandsamar gjennom heile prosessen.