Visjon
”Vi skaper den fornybare framtida” er SFE sin visjon, og denne er felles for konsernet og selskapa i konsernet.
Forretningsidé
Skape verdiar ved produksjon, omsetning og overføring av elektrisk energi, samt anna verksemd knytt til desse områda. Selskapet sitt føremål er produksjon, omsetting og overføring av elektrisk energi, samt anna verksemd knytt til desse områda.
Overordna konsernmål og strategiar
- Auka verdiskaping for eigarane våre. Sikre og auke verdiane i selskapet samtidig som ein sikrar eigarane eit godt utbyte.
- Ta posisjon som det mest synlege og utviklingsorienterte fornybarselskapet mellom Bergen og Trondheim. Auke innsatsen på nyskaping både i og utanfor kjerneverksemda og kommunisere dette offensivt til omverda.
- Vere ein regionalt leiande i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa og elektrifisere samfunnet. Arbeide aktivt for å redusere eige natur - og klimafotavtrykk og i partnarskap med andre ta ei leiande rolle i arbeidet med elektrifisering i vårt område.
Økonomiske mål
SFE skal gjennom utbytte og verdiauke på selskapet gje eigarane ei konkurransedyktig langsiktig avkasting samanlikna med alternativ investering med tilsvarande risiko.
Målsetnaden er å innrette verksemdene i konsernet slik at SFE oppnår minimum BBB- som kredittrating.
Utbyte
Retningsgjevande policy for utbyte tek utgangspunkt i konsernet sitt resultat etter skatt. Utbyttet vil bli berekna slik som dette:
Majoriteten sin andel av SFE-konsernet sitt resultat etter skatt |
+/- (urealiserte verdiendringar og salsvinst/-tap etter skatt |
- resultat frå TS + utbytte frå TS |
= Sum utbyttegrunnlag x 70% |
= Årets utbytte |
Styret tek uavhengig av dette sikte på å betale ut eit minimumsutbytte på 150 millionar i år der utbytet etter modellen blir lågare.
Ved utbetaling av minimumsutbytte kan differansen mellom utbyttemodellen sitt berekna utbytte og minimumsutbytte trekkast frå påføljande års utbytte.
Styret vil alltid gjere ei vurdering av kva som er forsvarleg utbytte og vil derfor kunne avvike frå modellen når det er grunnar for dette.