Vinnaren av Drivprisen 2020 er Tiotech, og med seg på pallen har dei Fjord Maritime AS og Innvik As. Den heldige førsteplassen kan satse vidare med 200 000 kroner ekstra i potten.
Denne prisen skal motivere og premiere grøne forretningsidear med stort potensial for å setje fart på det grøne skiftet og skape nye arbeidsplassar i Vestland. Det er Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland som står bak prisen.
Førsteplassen til Tiotech
- Selskapet jobbar for å finne løysing på nokre av samfunnet sine største problem; anten det er innovative måtar for å reinse byluft, minske bruk av kjemikaliar i vasking av bygg eller korleis gjere batteriteknologi meir berekraftig. Berekraft er med i heile prosessen, og Tiotech har vist sterk evne til nytenking, seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Johannes Rauboti.
TioTech AS er ei nanoteknologibedrift med spisskompetanse på titandioksid. Dei har tidlegare utvikla overflatebehandlingsprodukt til betong og tre som er miljøvenleg, held overflater reine og bryt ned NOx-gassar utan bruk av giftige stoff. Sommaren 2020 endra verksemda namn frå Joma International AS til TioTech AS i samband med satsing på batteriteknologi. Dei er komne langt i å utvikle eit nytt batterimaterial, «TitanB», med svært lovande resultat. Produktet gjer elektrifiseringa meir berekraftig ved å gje batteri lengre levetid, kortare ladetid og betre prestasjon ved låge temperaturar.
- Det var ei veldig positiv overrasking. Det har vore ein lang og einsam veg fram til eit ferdig produkt, så å få ei slik merksemd er veldig kjekt! Vi har veldig lovande resultat no, men det krev mykje for å nå ut til ein verdsmarknad. Ein slik pris er utruleg motiverande for vidare satsing på batteriteknologi frå Vestlandet, seier ein glad Anders Teigland, dagleg leiar for Tiotech AS.
Andreplassen til Fjord Maritim
– Fjord Maritime er ei verksemd med fokus på berekraftig teknologi og miljøtiltak i havbruksnæringa. Dei har utvikla gode løysingar for energioptimalisering og berekraftig drift hos sine kundar, og gjer såleis eit viktig grønt arbeid i sjømatnæringa, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.
Fjord Maritime ønskjer å elektrifisere havbruknæringa og utfordre dei etablerte løysingane. Dei meiner løysingane gir umiddelbar effekt og ein total reduksjon av miljøfotavtrykk. Fjord Maritime sine installasjonar har redusert CO2 utsleppet med ca 9.350 tonn, som tilsvara reduksjon av utslepp frå ca 4.600 personbilar (per november 2020).
– Vi er både stolt og glad for å få andreplassen. Forretningsplanen våre er basert på kjerneverdiane til prisen, innovasjon og berekraft. Det er kjekt å bli lagt merke til og motiverer oss vidare til å utvikle våre tenester og løysingar for å nå eit felle samfunnsmål om ei berekraftig framtid, seier Vidar Rabben, leiar for Fjord Maritime.
Tredjeplassen til Innvik AS
– Juryen ønskjer å gi honnør til Innvik som har kome langt i sitt arbeid med å gjere produksjonen sin klimanøytral. Dei har store ambisjonar om å bli klimanøytrale allereie innan 2022. Sjølv om dei har tatt eksisterande teknologi i bruk, er dei eit godt forbilde for andre selskap og dei skal vere stolte av å vere langt framme i ein bransje som har blant dei høgste klimautsleppa i verda, seier regiondirektør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge Vestland.
Selskapet har satsa på produktinnovasjon og prosessinnovasjon, samt eit sterkt fokus på produksjonsteknologi og prosessar som skal redusere CO2 utslepp. Dei har investert i nytt utstyr, etablert anlegg for berekraftig energiproduksjon og planlegg ei investering på 50 mill. kr knytt til klimastrategien sin. Målsetninga er å ta ein leiande posisjon som berekraftig tekstilprodusent.
– Det er svært gledeleg å motta denne utmerkinga og eg er stolt av dyktige og engasjerte medarbeidarar som skapar desse resultata. Det er desse medarbeidarane sin sterke kompetanse på tekstil, samarbeidet med Kvadrat sin globale salsorganisasjon og denne viktige satsinga på berekraft som legg eit solid grunnlag for fortsett vekst og utvikling, seier Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar i Innvik AS.
Fakta om Drivprisen:
- Ein årleg innovasjonspris i Vestland
- Skal løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det «grøne skiftet»
- 1.plass gir 200.000 kroner
- 2.plass gir 50.000 kroner
- 3.plass gir 30.000 kroner
- Dei tre kandidatane får også tilbod om konsulenttenester frå samarbeidspartane, reklameverdi og merksemd på årets konferanse
- Vert normalt sett delt ut på næringskonferansen Kraft i Vest 23.-24 september
- Grunna koronasituasjonen vert prisen i 2020 utdelt digitalt
- Bak Drivprisen står Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland.
- Prisen vart delt ut for første gang i 2019, då Corvus Energy, Bergen Carbon Solutions og Evoy var vinnarane.
Les meir på www.drivprisen.no.