Vi har mål om vere ein katalysator i den grøne omstillinga i regionen vår og søker ein dedikert dagleg leiar som brenn for grøn, lokal næringsutvikling.
Du vil du vere motoren som driv selskapet framover med mål om å skape berekraftige og lønsame arbeidsplassar i regionen vår, sikrar solide avkastingar og aukar vår prosjekt og investeringsportefølje for å bidra til grøn verdiskaping. Vi har også ei sterk forplikting til å gjere regionen vår til eit flaggskip for grøn innovasjon og styrke SFE sin posisjon som samfunnsbyggar.
Du vil ha ansvar for den daglege drifta, inkludert prosjektstyring, økonomisk leiing og personalansvar. Vidare skal du identifisere og evaluere nye forretningsmoglegheiter innanfor fornybar energi og den grøne omstillinga. I tillegg vil du bygge og vedlikehalde solide relasjonar med interessentar, inkludert lokalsamfunnet og næringsliv.
Vi søker ein framtidsretta leiar med dokumenterte resultat innan bedriftsutvikling og som har erfaring i å bygge organisasjonar og skalere verksemder. For å lykkast i rolla må du vere samfunnsorientert, relasjonssterk og ha gode samarbeidsevner internt i organisasjonen og eksternt.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar i SFE Produksjon, inngår i firmaleiinga og arbeidsstad er Sandane. SFE arbeider målretta for eit større mangfald, og oppmodar kvinner til å søke på stillinga.
Dersom du har spørsmål om stilling eller ønskjer ein uforpliktande samtale, kan du ta kontakt med Visindi ved Nils Jørgen Tømmerås, tlf. 971 84 166 eller Frode Hepsø Johansson, tlf. 992 21 300. Alle førespurnadar behandlast konfidensielt.