For over 10 år sidan var vi med og starta bachelorutdanninga i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet. Det har blitt ei populær utdanning med mange søkjarar, og eit flott bidrag for kraftnæringa. Det er kjekt å kunne bidra med å hjelpe smarte unge mennesker med hjarte og hjerne for klima fram til ein lidenskapeleg jobb.
Over 300 studentar har hittil vore tatt opp på Bacelor i Fornybar Energi.
Fruktbart samarbeid med Høgskulen på Vestlandet
Vi var nyleg på besøk på HVL i Sogndal, kor vi møtte dei fine studentane på bildet samt Geoffrey Gilpin Førsteamanuensis Ingeniør og Dr. Bente Johnsen Rygg Førsteamanuensis Statsvitenskap. Dei er nokre av primus motorane for at vi har denne utdanninga i regionen.
Dette er eit viktig og framtidsretta samarbeid for SFE, og ein flott måte å gi tilbake til samfunnet på.
Kva kan ein jobbe med etter fullført utdanning?
- Miljørådgivar-, saksbehandlar- og planstillingar i det offentlege.
- I kommunar/fylkeskommunar/direktorat/konsulentfirma (mellom anna med konsekvensanalysar).
- Rådgivarstillingar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå (arbeid med klimaplanar, analysearbeid, konsesjonsbehandling med meir).
- Energiselskap med oppgåver innan konsesjonsprosessar, økonomiske vurderingar og grunneigarkontakt.
Les meir om utdanninga og HVL på hvl.no
Bilde:
B.f.v.: Geoffrey Sean Gilpin, Bente Johnsen Rygg
F.f.v.: Ken Marius Kalstad, Synnøve Gustavsen, Sunniva Hellesund, Gina Birkeland Milde, Amaresh Neguse