Roger Flølo blir dagleg leiar for Sogn og Fjordane Energi (SFE) sitt nye innovasjonsselskap. Glopparen gler seg til å igjen bli ein del av kraftbransjen og ta aktivt del i den grøne omstillinga i regionen.
Som å kome «fagleg heim»
- Dette er for meg som å «kome fagleg heim», tilbake der eg starta, i regionen eg brenn for, på same tid som eg får bidra til å ta SFE framover i ei ny retning. Kraftbransjen har i over hundre år skaffa fram fornybar energi, det er noko som er viktigare enn nokon gang, på same tid som at bransjen også har ei viktig samfunnsrolle i å ta det vidare i neste steg: Korleis nytte ressursane for å få fram nye næringar og grøn teknologi som kuttar utslepp, betrar miljøet og gir nye grøne arbeidsplassar? Vi lever i ei tid i konstant utvikling og det er nødvendig å sjå moglegheitene i det som ligg framfor oss.
Flølo tykkjer dette er svært spennande og har stor tru på at det finst stort potensiale for grøn verdiskaping i regionen vår.
Roger jobbar i dag som dagleg leiar i Nlink, eit robotikkselskap i Sogndal som tidlegare var ein del av Rocketfarm. Han tek til i den nye jobben i august.
Allereie i gang
SFE har i tre år jobba med ulike prosjekt innan grøn utvikling. Eksempel er mellom anna hydrogenselskapet HyFuel i Florø (i lag med Fjord Base og Gasnor), Skipskraft (eit selskap i lag med Florø Hamn, som driftar anlegg for landstraum for skip) og Elbåtlader DA (i lag med Eviny). SFE jobbar også med eit biogassprosjekt i Gloppen. No styrkar SFE denne satsinga ved å etablere det nye innovasjonsselskapet. Viktige mål er å bidra til auka aktivitet, nye lønsame arbeidsplassar og vere ein katalysator for det grøne skiftet i regionen.
Dagleg leiar i SFE Produksjon, og påtroppande konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Knut Arild Flatjord, er fornøgd med å få Flølo med på laget.
- Roger har lang fartstid innan investeringsfaget og utvikling av selskap både innan og utanfor kraftbransjen, med solid erfaring mellom anna i frå Hafslund, Fjord Invest og teknologiselskapet Nlink. Vi har stor tru på at han er rett person til å styre denne skuta.
Vil tilsette fleire
Det er i dag to tilsette i selskapet som Roger vil få ansvar for, i tillegg til at fleire i SFE tek del i dei ulike utviklingsprosjekta. Ein ser før seg å tilsette fleire i tida som kjem. SFE jobbar no med å finne namn på det nye selskapet.