Produksjonsdirektør

SFE <picture/>

Fornybar energi – Forretningsutvikling – Digital transformasjon

Produksjonsdirektøren leier konsernet sitt arbeid innan drift, vedlikehald og utvikling av fornybar kraftproduksjon. Dette skjer i vårt vindkraftverk og 27 vasskraftverk - ein solid kraftproduksjon med godt vekstpotensiale.

Forretningsutvikling og digitalisering innanfor energiproduksjon vil vere sentralt, både når det gjeld tradisjonelle fornybare energiformer og nye kjelder til grøn energi og grøne energiberarar. Utvikling av ny kapasitet og nye løysingar er basert  på samarbeid med lokalsamfunn og ei ansvarleg forvaltning av miljø og naturressursar . Stillinga rapporterer til konsernsjef, inngår i konsernleiinga, og det blir  forventa at du er ein aktiv bidragsytar i SFE sitt arbeid  med klimanøytralitet og berekraft.

Det er viktig å kunne operasjonalisere og forankre strategiske tema på ein motiverande måte på alle nivå i SFE. Det er vidare vesentleg for SFE si energiverksemd å posisjonere seg i ein framtidig kraftmarknad, og sikre at SFE får ta del i den verdiskapinga som ligg i vasskrafta si reguleringsevne og fleksibilitet.

Den nye leiaren har relevant leiarerfaring frå industri eller energisektor.

Har du spørsmål om stillinga eller ønskjer ei uforpliktande samtale, kan du ta kontakt med Visindi ved Nils Jørgen Tømmerås, tlf. 971 84 166 eller Renee Davadi, tlf. 988 94 662. Vi handsamar all kontakt konfidensielt. Søknad/CV kan sendast snarast via visindi.no

Vi skaper den fornybare framtida!

I over 100 år har Sogn og Fjordane Energi (SFE) gått i spissen og bygd ut fornybarnæringa i regionen, og selskapet er i dag mellom dei store energiselskapa på Vestlandet. Framtida er både fornybar og digital, og SFE har mål om å vere ein leiande aktør i vårt område inn i dei store endringane som skjer i bransje og samfunn.

Med sine 250 tilsette bidreg SFE til klimamåla gjennom produksjon og distribusjon av fornybar energi, elektrifisering og bruk av grøn teknologi, samt gjennom drift og utvikling av eiga verksemd. Selskapet er lokalisert i store delar av Sogn og Fjordane, med hovudkontor for energikonsernet og produksjonsverksemda på Sandane og hovudkontor for nettverksemda Linja AS, i Florø. SFE er stolt av sin kompetanse og sine engasjerte og dyktige medarbeidarar. Selskapet har høg medarbeidartilfredsheit, lågt sjukefråvær og legg sterk vekt på gode verdiar og eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve tryggheit og arbeidsglede. I 2021 omsette selskapet for 1,6 mrd. kr.

SFE arbeider målretta for eit større mangfald, og oppmodar kvinner til å søke på stillinga.