Ønskjer ikkje Eviny-fusjon

SFE <picture/>

Utgreiingane mellom SFE og Eviny er førebels avslutta. Styra i både Sogn og Fjordane Holding og SFE tilrår eigarane å avslutte fusjonsprosessen.

Dei to største eigarane i SFE, Sogn og Fjordane Holding og Eviny, inngjekk i juni ein intensjonsavtale om å greie ut tre alternativ for framtidig eigarstruktur i SFE: Slå saman Eviny og SFE, halde fram eigarskapen som i dag, eller at Eviny ikkje lenger er aksjonær i SFE. Arbeidet har pågått utover hausten, og utgreiingane av dei to første alternativa er no ferdige. Beslutningsgrunnlaget består av to rapportar, der den eine gjer greie for eit scenario der selskapa slår seg saman, medan den andre tek for seg scenarioet der SFE held fram som eige selskap.

– Det har vore eit intensivt og omfattande arbeid. Eviny har vore tydelege på deira ambisjonar, og no er styra i både Sogn og Fjordane Holding og SFE like tydelege i sine tilrådingar om å avslutte fusjonsprosessen, seier konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord.

Tredje best dei siste fem åra

Behovet for meir kraft til industri- og næringsutvikling var eit viktig utgangspunkt for utgreiingane. Sidan 2007 har SFE dobla sin kraftproduksjon. Dei seinaste fem åra har dei auka produksjonen med 400 GWh, og berre to selskap i Noreg har bygd ut meir vasskraft enn SFE i denne perioden. Flatjord forstår godt at SFE er attraktive for Eviny.

– Vi har sett oss som mål å auke kraftproduksjonen med nærare 70% i perioden til 2040. Det er ambisiøst, men ikkje urealistisk. Vi har ei rekkje konkrete prosjekt vi jobbar med, i tillegg har vi fleire fallrettar og konsesjonar. Vi skal klare å gjere vår del av jobben med å dekke kraftbehovet framover, og vi treng ingen fusjonspartnar for å løyse samfunnsoppdraget eller skape verdiar for eigarane våre. Men vi er sjølvsagt positive til å halde fram med å samarbeide med Eviny framover, til det beste for Vestland og begge selskapa, seier Flatjord.

Stor verdiauke

SFE sin rapport syner at investeringane som er gjort dei seinare åra, som fylkeskommunen og dei kommunale eigarane bidrog til gjennom kapitalauken i 2016, allereie har gitt god avkasting. Sidan den gong har SFE hatt ein verdiauke på 156%, ifølgje verdivurderingar som er gjort. Dette tilsvarer ei gjennomsnittleg årleg avkasting på 22%, som er 10%-poeng høgare enn avkastinga på Oslo Børs i same periode.

– Vi har føresetnadane for å levere like god verdiskaping og solide utbytte framover, samtidig som vi har eit høgt investeringsnivå, seier Flatjord.

30 fleire tilsette

Han er ikkje redd for at selskapet vil ha vanskar med å rekruttere naudsynt kompetanse framover, mellom anna i møte med den digitale og teknologiske utviklinga. Flatjord får støtte i dette synet frå utgreiingsarbeidet som er gjennomført.

– Vi opplever å vere ein attraktiv arbeidsplass. Berre sidan 1.1.2023 har vi blitt 30 fleire tilsette i selskapet, og vi har lite gjennomtrekk i organisasjonen. Når det gjeld teknologisk kompetanse, har vi fleire gonger motbevist at ein må vere størst for å lukkast. Mellom anna var vi første selskap i Noreg med ei godkjent programvare for Statnett sin nye marknadsplass, og denne utvikla vi sjølv, seier han. 

Viktig for regionen

SFE produserer straum frå 30 vasskraftanlegg og tre vindkraftverk, både heil- og deleigde. Nyleg etablerte dei selskapet Nyvinn, som skal investere i grøn innovasjon og næringsutvikling i regionen. I tillegg eig dei delar av selskapa Linja, Wattn og Enivest. Flatjord meiner det har stor verdi for både fylkeskommunen og dei kommunale eigarane å ha kontroll over SFE.

– Vi trur regionen treng eit sterkt SFE, og at fylkeskommunen og kommunane er tente med å ha ei stødig hand på rattet. Gjennom eigarskapen i SFE vil dei framleis ha stor påverknad på våre investeringar og prioriteringar, og ikkje minst sikre eit mangfald av kompetansearbeidsplassar i distriktet. Vi har dessutan framleis stor innflytelse over nettutviklinga gjennom eigarskapen i Linja, seier Flatjord.

Usikre synergieffektar

I media har det blitt omtala moglege synergiar ved ein eventuell fusjon. Flatjord meiner tala som har vore gjengitt ikkje gir eit rett bilete til eigarane.

– For det første veit vi at slike synergiar er usikre, og vi har opplevd betydeleg avstand mellom partane i synet på tala. For eigarane er utbytte viktig. For fylkeskommunen og dei kommunale eigarane av SFE, blir ikkje den samla årlege utbytteeffekten av synergiane meir enn 2,1 millionar i gjennomsnitt dei neste 10 åra, ifølgje KPMG. Dette bør ein sjå opp mot eit samla forventa utbyte til dei same eigarane frå SFE på 2,5 milliardar kroner komande 10-årsperiode, for ikkje å snakke om verdien av å framleis ha SFE i regionen, seier Flatjord.

Fredag 22. november skal eigarane i Sogn og Fjordane Holding få presentert resultatet frå utgreiingsarbeidet, og 16. desember blir vegen vidare vedteke på selskapet si generalforsamling. Rapporten frå SFE-utgreiinga og samandraget frå fusjonsalternativet kan lesast på www.sfe.no.

Kontaktpersonar:

Konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Knut Arild Flatjord: Tlf 453 91 436, epost: knut.arild.flatjord@sfe.no

Styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, Olin Henden: Tlf 900 89 170: styreleiar@sfe.no

Foto: Dagny Sunde
På biletet: Konsernsjef Knut Arild Flatjord

Vedlegg:

- Utgreiing av eit sjølvstendig SFE

- Styrevedtak framtidig eigarskap SFE

- Samandrag av EY sin rapport

- Samandrag av KPMG sin rapport