Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat første halvår på 64 millionar etter skatt. Låge prisar nord for Sognefjorden er årsaka til resultatnedgangen frå i fjor.
SFE produserte 948 GWh i første halvår. Dette er første halvåret der Lutelandet vindkraftverk og Jølstra vasskraftverk er i produksjon. Gjennomsnittsprisen i NO3 for halvåret var 22,4 øre/kWh mot 35,9 øre/kWh i same periode i fjor.
- Marknadsprisen i vårt prisområde har so langt i år vore 15% av prisen samanlikna med prisområdet på sørsida av Sognefjorden, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.
Straummarknaden er prega av energikrise i Europa, låg magasinfylling i delar av landet og avgrensa overføringskapasitet i straumnettet enkelte stader.
- Sjeldan har situasjonen i straummarknaden vore så spesiell og lite føreseieleg. Det er eit paradoks at magasina fløymer over i vårt område, medan ein snakkar om risiko for rasjonering sør og aust i landet. Men vi får rett og slett ikkje produsert så mykje som vi kan og bør, ei heller overført nok kraft til dei områda som treng den mest, seier Rauboti.
SFE ventar eit betre resultat for andre halvår, slik utsiktene er akkurat no. I midten av juni vart Mel kraftverk i Sogn flytta over i prisområde NO5. Det betyr at SFE meir enn doblar kraftproduksjonen sin i NO5, som no er høgprisområde.