Denne veka opna vi Lutelandet vindkraftverk i Fjaler. Kraftverket består av ni turbiner som til saman kan forsyne rundt 9 000 husstandar med straum.
Kraftverket ligg heilt vest i Fjaler, på øya Lutelandet. Området har blitt eit mykje brukt turområde og derfor har vi no også lagt til rette for lading av elbilar der. Ladarane er opne for alle og du startar lading enkelt med Easypark-appen. Instruksjonar finn du også på sjølve ladarane.