Knut Arild Flatjord blir ny konserndirektør for kraftproduksjon i SFE.
42-åringen gler seg til å ta fatt på eit nytt kapittel i ein framtidsretta bransje.
- Eg ser på det som eit privilegium å få jobbe med noko så viktig som fornybar energi – sjølve berebjelken i eit berekraftig samfunn, seier han.
Flatjord er i dag regionsdirektør for GK på Vestlandet og bur i Førde. Før sine 11 år i GK var han avdelingsleiar for Tess i Sunnfjord, og han har og hatt sentrale verv i NHO Vestlandet. Han er utdanna automasjonsingeniør og har mastergrad innan økonomi og leiing (MBA).
I SFE skal han ta over etter noverande konserndirektør for produksjon Ola Lingaas, som skal gå av med pensjon.
Eit selskap i vekst
SFE Produksjon, som er selskapet som Flatjord skal leie, har i dag 70 tilsette og er i prosess med å rekruttere endå fleire. Selskapet opererer 28 av 31 heil- eller deleigde kraftverk i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei siste to åra har selskapet auka kraftproduksjonen sin med nær 20% etter store utbyggingar i Østerbø, Jølstra og på Lutelandet.
- SFE Produksjon har dei siste åra vore i sterk vekst både i form av ny kraftproduksjon og tal tilsette. Eg er overtydd om at Knut Arild har dei beste føresetnader for å leie og utvikle verksemda og laget vidare, seier konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti.
SFE Produksjon består hovudsakleg av energioperatørar, fagarbeidarar, ingeniørar, miljørådgjevarar og kraftanalytikarar.
- Heilt sidan eg var med å byggje eit eige småkraftverk heime i Stardalen, har eg vore fasinert av kraftproduksjon. SFE har mange dyktige folk og eg har stor respekt for all den kunnskapen som selskapet har. Fornybar energi er i tillegg ein viktig del av klimaløysinga, og eg ser fram til å lære mykje nytt.