Låg flyging i veke 21, 22 og 23
Nettselskapet Linja skal gjennomføre helikoptersynfaring av straumnettet i store delar av Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal i veke 21, 22 og 23. Helikopteret kjem til å fly lågt, og vil kunne medføre støy. Vi beklagar ulemper i samband med dette. Arbeidet er vêravhengig, og det kan bli endringar i planen. Kundar i Linja sitt område vil bli varsla på SMS.
I forkant
Dette er ein del av eit svært viktig drift- og vedlikehaldsarbeid på Linja sitt 4000 km lange linjenett. Linja jobbar kvar dag for at kundane skal ha straum i stikkontakta si, og med slike inspeksjonar kan ein vere i forkant og i større grad oppdage feil før det blir straumbrot.
Framtidas linjesynfaring
Ved mindre synfaringar nyttar Linja drone. Det gjer inspeksjonane både meir miljøvennlege, meir kostnadseffektive og skapar mindre støy. I dette tilfellet skal det inspiserast store områder med fjord, fjell og krevjande terreng, og ein har valt å bruke helikopter.
Synfaringa vil skje i kommunane:
Askvoll, Bremanger, Gloppen, Høyanger, Kinn, Luster, Sogndal, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vanylven, Volda, Årdal.
Synfaringa er vêravhengig, men skal etter planen starte opp i veke 21, og flyginga vil vere på dagtid. Flyginga blir utført av Pegasus helikopterselskap. Har du spørsmål, kontakt Linja sitt kundesenter på telefon 57 88 48 50 eller e-post kundesenter@linja.no