Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt i første halvår i 2020 på 140 mill. kr. Rekordlåg straumpris er hovudårsak til at resultatet er 136 millionar kroner lågare enn fjorårets halvårsresultat.
Konsernsjef Johannes Rauboti er likevel godt nøgd med resultatet. - Kraftprisen i marknaden vil i stor grad påverke dei økonomiske resultata til energiselskapa, men vi er særs stolte av at vi i ei tid med historisk svake kraftprisar har oppnådd ein pris på 23 øre pr kWh som er den doble av gjennomsnittsprisen på kraftbørsen for vårt prisområde. Bakgrunnen er at vi har sikra oss mot eit slikt prisfall gjennom avtalar.
Fordel for kundane
Det er vanleg at SFE og andre kraftselskap sikrar delar av kraftproduksjonen til ein gitt pris ei tid framover, mellom anna for å avgrense risikoen for reduserte inntekter dersom straumprisen skulle falle mykje.
- Det er viktig å påpeike at sjølv om produksjonsselskapet SFE Produksjon gjennom prissikring har oppnådd enn høgare kraftpris enn straumbørsen, har dette ingenting med prisen ut til straumkundane våre å gjere. Marknaden fungerer slik at vi som kraftprodusent sel krafta på den nordiske straumbørsen Nordpool og straumselskapet vårt SFE Kraft kjøper straumen til marknadspris frå same børs. Kundane våre har dermed nytt godt av dei rekordlåge kraftprisane, seier konsernsjefen.
Større produksjon enn normalt
Sjølv om prisen har vore låg, har SFE sin kraftproduksjonen hittil i år vore høg samanlikna med eit normalår, med 937 GWh mot 868 GWh i fjor. Dette som eit resultat av mykje nedbør, og at det har vore store mengder med snø i fjella.
- Det er for tida meir vatn enn normalt i magasina i Noreg og Sverige og det er grunn til å tru at dette vil vedvare i tida framover. Det betyr at marknadsprisen på straum vil kunne halde seg låge ei stund utover hausten.