FALCK RENEWABLES INVESTERER I VESTAVIND KRAFT

10.07.2017
SFE <picture/>

Det italienske selskapet Falck Renewables kjøper seg inn i vindkraftselskapet Vestavind Kraft. Kjøpet omfattar 80 prosent eigardel av vindkraftprosjekta Hennøy i Bremanger og Okla i Selje.

Vestavind Kraft vart skipa i 2005 for å utvikle vindkraftprosjekt for eigarselskapa. I dag er det selskapa SFE Produksjon, Tafjord Kraftproduksjon og Sognekraft, gjennom selskapet Svelgen Kraft Holding, som står bak vindkraftselskapet. Selskapet har førebels ikkje bygd ut vindkraftparkar, men har dei seinare åra arbeidd fram fleire konsesjonar i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre: Okla i Selje, Hennøy i Bremanger, Lutelandet i Fjaler og seinast Bremangerlandet. I tillegg eig selskapet nær halvparten av Haram Kraft i Haram kommune.

To av fem prosjekt inkludert

No er Svelgen Kraft Holding samd med det italienske fornybarselskapet Falck Renewables om sal av 80% av dei to prosjekta Hennøy og Okla. Desse prosjekta har ein planlagt installasjon på 70 MW, noko som kan gi ein årleg produksjon på 230 GWh. Dette tilsvarar straumforbruket til om lag 11 000 husstandar. Dei andre prosjekta til Vestavind Kraft – Lutelandet, Haram og Bremangerlandet – er ikkje omfatta av salet, og vil bli overført til Svelgen Kraft Holding. Gjennomføring av salet avheng av fleire føresetnader, mellom anna skal transaksjonen endeleg godkjennast i Falck Renewables sitt styre.

Styreleiar i Vestavind Kraft og eigarselskapet Svelgen Kraft Holding, Ola Lingaas, har stor tru på prosjekta og potensialet for verdiskaping, men peikar på kapitalbehovet som årsak til at dei no sel majoriteten av eigarskapen til to av prosjekta.

– Vindkraftprosjekta våre vil gi ei stor mengde fornybar energi, og potensialet for verdiskaping er betydeleg for både lokale eigarar og lokalsamfunna. Samstundes er det svært kapitalkrevjande å bygge ut kraftproduksjon. Våre eigarar har store vasskraftporteføljar som også krev kapital. Derfor sette vi tidlegare i år i gang eit arbeid med å finne partnarar som kunne vere med å realisere prosjekta, seier Lingaas.

Stor industriell partnar

Falck Renewables er notert på børsen i Milano i Italia, og har utvikla ei rekkje prosjekt innan fornybar energi i land som Italia, Spania, Frankrike og Storbritannia. Dei er ein del av Falck-konsernet – ein stor industriell aktør med ei meir enn 100 år lang historie, og var blant dei første til å produsere elektrisitet i Italia.

– Å kjøpe Vestavind Kraft passar godt inn i vår strategi om å vere ein viktig aktør innan utvikling av fornybar energi i Europa. Vi er spesielt glade for å utvikle prosjekta saman med Svelgen Kraft, og nyte godt av deira erfaring og kunnskap om lokal forhold, seier Toni Volpe, adm.direktør for Falck Renewables.

Endrar namn

Vestavind Kraft er lokalisert på Sandane. Vestavind Kraft vil skifte namn til Falck Renewables Vind AS, og dette selskapet skal eigast 80% av Falck Renewables og 20% av Svelgen Kraft Holding. Dei tilsette vil halde fram i eit nyoppretta selskap under Svelgen Kraft Holding, Vestavind Energi. Vestavind Energi skal følgje opp eigarselskapet sin resterande vindkraftportefølje, og i tillegg selje konsulenttenester innan vindkraft.