I dag blei det kjend at Enova gir støtte til fem ulike hydrogenprosjekt i Noreg. Som det einaste i Vestland, får HyFuel i Florø 180 millonar kr til å etablere eit produksjonsanlegg for hydrogen på Fjord Base.
HyFuel er eigd av Hydrogen Solutions (HYDS), Fjord Base og SFE, gjennom det nyetablerte utviklingsselskapet Nyvinn. Dagleg leiar, Roger Flølo, er godt nøgd med dagens nyheit og seier at dette vil gje store lokale ringverknader og skape nye arbeidsplassar i Florø.