Har nådd 140 døgn med lading

14.02.2022
SFE <picture/>

Etter berre seks månader med drift har heile 90 skip lada til saman 140 døgn ved Florø hamn og SFE sine landstraumsanlegg i Florø. Mengda kWh som har gått gjennom anleggene tilsvarer årleg strambruk til 45 husstandar.

  • Det er mange fordelar med at stadig fleire skip nyttar landstraum: ein reduserer utslepp og betrar luftkvaliteten i Florø, i tillegg til at ein reduserer støy i byen, seier hamnesjef Linda Midtbø i Florø hamn.

Florø hamn og SFE driftar landstraumsanlegget gjennom selskapet Skipskraft AS. Selskapet er svært tilfredse over oppslutninga hittil, og jobbar vidare med planar om at endå fleire skip i Florø skal kunne nytte seg av landstraum i 2022.

 

Kontaktpersonar:

Regine Johansen, regine.johansen@sfe.no, 902 81 706, dagleg leiar Skipskraft AS

Linda M. Midtbø, LindaMortensen.Midtbo@kinn.kommune.no, 909 62 284, styreleiar Skipskraft AS