28
SFE Årsrapport 2021
Å styrke mangfaldet er også ein sentral del av SFE-konsernet
sin gjeldande strategiplan. Det er oppretta eit eige like-
stillings- og diskrimineringsutval i SFE, med representantar
både frå arbeidsgjevar og dei tilsette. Utvalet består av tre
kvinner og tre menn, og skal førestå og koordinere likestillings-
og diskrimineringsarbeidet i SFE. Med den kjønnssamansetning
ein har i SFE-konsernet, er det å auke kvinneandelen ei
naturleg og iaugefallande målsetting i dette mangfaldet – både
fleire kvinnelege tilsette og fleire kvinnelege leiarar. Tiltak i
denne retning er t.d. å oppmode kvinner om å søkje når vi
annonserer nye stillingar, tilrettelegge og vere medvitne på
at SFE skal vere, og framstå som ein god og attraktiv arbeids-
plass også for kvinner. SFE-konsernet har også ei målretta
satsing på å auke andel kvinnelege leiarar. Døme på dette er
deltaking på NHO sitt leiarutviklingsprogram Female Future
og medviten satsing på andre eksterne leiarutviklingsprogram
der SFE deltek . Ulik handsaming av kvinner og menn er eit
område SFE-konsernet har nulltoleranse. Dette er tema i alle
medarbeidar- og utviklingssamtaler. Det er også eit sentralt
område i våre organisasjonsmessige kartleggingar og under-
søkingar, og er ein del av oppfølginga av desse. Leiinga og
tillitsvalde har ei felles målsetting, og jobbar tett og aktivt
saman, i eit planlagt, aktivt og målretta arbeid for å sikre like-
stilling og hindre diskriminering i SFE. Kartlegging og
undersøking, vurdering av årsaker, treffe tiltak og evaluere er
sentralt for dette arbeidet.
SFE er medvitne på universell utforming av våre bygg. For å
støtte krava til universell utforming har vi heis og rullestol-
ramper. Vi meiner at administrasjonsbygga våre er godt tilrette-
lagd for alle.
SAMFUNNSANSVAR OG BEREKRAFT
SFE skaper den fornybare framtida. Vårt formål er å skape
verdiar av produksjon og overføring av elektrisk energi, samt
anna verksemd knytt til desse områda. Dette gjer vi ved å ta
i bruk den unike naturen vi har rundt oss.
I over hundre år har SFE gått i spissen og bygd ut fornybar-
næringa på Vestlandet. Vi har levert kraft, arbeidsplassar og
lokale verdiar som har bidrege til utvikling i regionen. Lokal-
samfunnet har vist oss stor tillit heilt frå starten av. Vårt bidrag
tilbake er tydeleg nærvær i lokalsamfunna gjennom arbeids-
plassar, aktivitet og engasjement.
Verda rundt oss er i konstant endring, og vi har endra oss med
ho. Dersom vi skal lukkast med å demme opp for dei største
klimaendringane, må verda, Noreg og vi som lokalsamfunn
handle. Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir
fornybar energi. Med utviklinga av vass- og vindkraft, og
elektrifisering bidreg SFE til klimamåla. Og det skal vi gjere
ved å forvalte naturressursar til beste for fellesskapet.
Vi er stolte av å bidra til ei berekraftig framtid med utviklinga
av fornybar energi, samtidig som vi skaper verdiar til våre
offentlege eigarar og lokalsamfunna våre. Dei siste 15 åra har
vi betalt utbytte til eigarane på over ein milliard kroner.
Med sponsoravtalane våre bidreg vi til å realisere kultur, idrett
og velferd i regionen. Vi søkjer ein rett balanse mellom idrett,
kultur, utdanning/kompetanse og humanitære organisasjonar
i vår miks av samarbeid. Vi har gjennom mange år hatt eit
internasjonal samarbeid med Plan Norge om bygging av
vassbrønnar i Sierra Leone og Zimbabwe, og over 50 000
menneske har fått tilgang på reint vatn gjennom desse prosjekta.
Vi søkjer aktivt samarbeid for å styrke regionen og for å
setje fart på det grøne skiftet. Hydrogensatsinga med det ny-
etablerte selskapet Hyfuel er eit av fleire eksempel, etablering
av landstraum og lading for bil og båt er eit anna. Vi har saman
med partnarar ein grøn innovasjonspris, DRIV-prisen, der vi
inspirerer og fremjar idear og premierer nyetablerte selskap
som satsar på grøn teknologi. Møteplassar er viktig for å lære,
inspirere og diskutere. Difor samlar vi lokalt næringsliv og andre
viktige partnarar gjennom vår eigen næringskonferanse Kraft
i Vest.
SFE sine etiske retningslinjer gir tydeleg retning for haldningar
og åtferd i forhold til antikorrupsjon og etikk. I våre etiske
retningslinjer krev vi også at våre leverandørar og avtalepartar
forheld seg til internasjonale krav til menneskerettar, arbeids-
takarrettar, tryggleik og miljø. SFE er ei verksemd med eit
positivt engasjement og historie i høve til inkluderande arbeids-
liv. Det omfattar alt frå å fremje eit godt arbeidsmiljø og god
helse, til å gi moglegheiter i arbeidslivet.
Saman med dei dyktige medarbeidarane våre skal vi halde fram
med å skape verdiar for eigarane våre, for kundane, for lokal-
samfunna og for dei komande generasjonane.
SFE har vedteke nokre prinsipp for berekraft, klima og miljø,
gjeldande frå 2021. Desse går ut på å:
• Produsere, distribuere og selje fornybar energi frå lokale
naturressursar basert på ansvarleg, berekraftig og langsiktig
forvalting.
INNHALDSSIDE > ÅRSMELDING